Brukarstøtte
Er det tekniske feil på våre tenester, så kan dette meldast til vår brukarstøtteteneste.
Korleis registrerer du saka di:
-
Registrer saka i våre Service portal. Her får du tilgang til driftsmeldingar, svar på ofte stilte spørsmål, og du kan følgje status på saka di. Her er det skjema som kan brukast på forskjellege problemstillingar slik at registreringa gjeng fortare
-
Om du ikkje har tilgang til nett, eller feilen er under høg eller kritisk prioritet, kan du ringe 70 16 29 99.
Alle saker vert logga i vårt brukarstøttesystem. Saker som ikkje vert løyst av første linje, vert vidaresendt til 2.linje (konsulent i kommuna) eller 3.linje (senior konsulent).
NB! For at vi skal kunne utøve best muleg service, så er det viktig å følgje denne rutina. Ingen saker skal meldast direkte til ein IKT-konsulent!
Opningstider Brukerstøtte:
Virkedagar, måndag – fredag: 08:00 – 16:00.
Prioritering av brukarstøttesaker:
Kritisk |
Bortfall av applikasjonar definert som nødvendige for tenester som omhandlar Liv og Helse. Bortfall av andre system der det vert forventa høg oppetid kan også inngå her. Kritiske hendingar utløyser bruk av vaktordning utanfor Driftsstøttes opningstid. |
Høg |
Fullstendig bortfall av system som berører minst ei (1) eining / faggruppe. Elektroniske tenester som blir nytta av innbyggarar i dialog med tenestemottakar. |
Medium |
Fullstendig bortfall av system som berører minimum 1 brukar. |
Lav |
Feil i utstyr og/eller system som ikkje er direkte til hinder for at tenestemottakaren kan utføre den ordinære funksjon utstyret eller systemet har i sin daglige bruk hos tenestemottakaren. Feilretting av heimekontorløysing. |
For meir informasjon, kontakt Teamleder Brukarstøtte Kristin Alvestad (, telefon 70 16 24 03 / 917 95 887).
VAKT 16:00-08:00 samt helg og høgtid
Tenesteleverandøren har etablert ei vaktordning for system som tek for seg «Liv og Helse» samt system der det er forventninger om høg oppetid. Vaktordninga er ikkje ei utvida driftsstøtteteneste, men skal berre nyttast ved kritiske feil og avbrot (sjå prioritering av saker over).
Vakttelefon: 70 16 24 46
Vaktordninga er bemanna i fylgjande tidsrom;
-
Måndag – fredag 15:30 – 08:00
-
Laurdag, søndag og heilagdagar: Heile døgnet
For meir informasjon, kontakt IT-Sjef Are Staurset (, Telefon 70 16 24 42 / 414 24 700).